LÆRING I NÆRING

Læring i næring

Tilbod om praksisplass til ungdom i

9. klasse skuleåret.

Læring i Næring er eit samarbeidstiltak mellom Ryfylke Næringshage og Finnøy Næringsforening. Tiltaket starta opp i 2008 og har gitt ungdom kunnskap og viten om lokalt næringsliv i Finnøy.

For at ungdom skal få kjennskap

til lokalt næringsliv og ulike yrkesretningar, tilbyr vi praksisplassar for motiverte og interesserte ungdomar. Praksis vert lagt til fritid - feriar og generelt etter skuletid.

 

Organisering av tilbodet:

1. Bedriftspresentasjon: Bedriftene vil informera om bedrifta si og kva type praksisplass dei tilbyr.

 

2. Bedriftsbesøk:

Ungdommane tar sjølve kontakt med dei bedriftene som er med på denne satsinga. Dei får ei oversikt over kven som er med og kontaktinformasjon til desse bedriftene

 

3. Søknad:

Ungdomane søker på dei praksisplassane som dei finn interessante.

 

4. Intervju:

Bedriftene tar inn søkarar til intevjuv

 

5. Tilsetting:

Får bedriftene søkjarar som dei meiner er interesserte og motiverte nok for å læra meir om bedrifta og deira fagområde, kan bedrifta ”tilsette” ein ungdom i Læring i Næring. Dei som vert tilsette får ein individuell arbeidsavtale med bedrifta. Avtalen vil avklare arbeidsforholdet og kva tid og kor ofte den ”tilsette” skal ha praksis i bedrifta. Ingen avtalar i Læring i Næring er like. Ungdommane vil få ei prøvetid. Dersom interessa og motivasjonen for faget og bedrifta forsvinn etter ei stund, kan bedrifta sei opp avtalen med ungdommen som er tilsett i Læring i Næring. Grunnen til dette er som nemnt at dette ein lære- og praksisplass. Læring i Næring skal vera ein del av yrkesorienteringa til ungdomane, og gje dei eit større grunnlag for det valet dei seinare skal gjera ved søknad på vidaregåande skule.

 

6. Praksis:

Tid og omfang vil variera frå bedrift til bedrift., men alle bedrifter som seier seg villig til å vera med på dette, bind seg til minimum 37,5 timar i løpet av skuleåret. Ungdomane som vert tilsett i Læring i Næring skal lønast 60 kr.pr.t Ønskjer bedrifta og ungdommen meir praksis/arbeid kan bedrifta skrive ny kontrakt med ungdommen der dei betalar etter gjeldane tariffar. Bedriftene har eit ansvar for å følgja opp ungdommane og gje dei den praksisen dei har søkt om. Ungdomane skal gjera vanlege og daglege gjeremål i bedriftene som arbeidsloven gir dei høve til, samt få innsyn i og prøva ut ulike ting innan det faget dei er spesielt interessert i. All praksis i Læring i Næring skal skje utanom skuletid, ergo vil dette skje etter skuletid (der det er høve for det) eller på ferie- og fridagar frå skulen.

 

7. Evaluering:

Ungdomane og bedriftene skal fylle ut evalueringsskjema ved endt skuleår. Eg tek ein telefonrunde til bedriftene i januar og mai.

 

Koordinator og kontaktperson:

Elisabeth Hauge Nordbø

Ryfylke Næringshage

tlf: 51 71 45 14 / 924 64 987

elisabeth@finnoy.com

 

Finnøy Næringsforening