HJEM ▸

Her finner du presentasjonen til Kommunalsjef Hilde Gunn Bjelde om prosessen rundt kommuneplanarbeidet

 

 

 

 

 

 

Her er en oversikt på kommende frokostmøter i regi

Finnøy Næringsforening og Finnøy Kommune

23. februar - frokostmøte på Rådhuset kl 9 - tema Kommuneplan

5.april - frokostmøte på Rådhuset kl 9 - tema Judaberg sentrum

10.mai - frokostmøte på Rådhuset kl 9 - tema Kommunesammenslåing

 

Tilskot til næringsutvikling i Finnøy

Finnøy kommune har i formannskap 24. august 2016 vedteke nye retningsliner for tildeling av AGA-midlar som næringslivet i Finnøy utløyser gjennom for mykje innbetalt arbeidsgjevaravgift.

AGA-midla blir årleg overført til kommunen frå fylkeskommunen etter ein gitt fordelingsnøkkel. For 2016 har Finnøy kommue fått 405 000 til tildeling.

Frå og med 1. september vil handsaminga av søknadane bli gjennomført i Finnøy kommune, og det er oppretta ei tildelingsgruppe beståande av ordførar, og to representantar frå Finnøy næringsforening.

Søknadsfrist for tildeling i haust er sett til 1. september – og for våren 1. mars.

På grunn av knapp søknadsfrist no i haust vil søknadar som kjem inn fram til 10. september bli handsama.

Send søknaden til Finnøy kommune, 4160 Judaberg – eller på epost til: post@finnoy.kommune.no

Merk søknaden «AGA-midler»

Søknaden kan du laste ned her: http://synligogstolt.no/onewebmedia/S%C3%B8knadsskjema%20Kapittel%20551.docx

Kva er AGA-midlar?

Som kompensasjon for bortfallet av differensiert arbeidsgjevaravgift i tråd med pålegg frå ESA i 2003 har staten oppretta ein ordning der kommunar som oppfyller gitte distriktskriterier kan motta såkalte AGA-midler, denne kompensasjonsordninga er godkjend i ESA fram til 2020. Desse midla blir fordelt fylkesvis over statsbudsjettet kap.551, post 61, i Rogaland er det berre Vindafjord og Finnøy som kvalifiserer for ordninga. Fylkeskommunen skriv tilsagnsbrev basert på dei handlingsplanar som dei nemnde aktørane utarbeidar innafor dei føringar som er lagd i den nedsette styringsgruppa.

 

Departementet legg til grunn at næringslivet aktivt blir trekt inn i arbeidet med korleis

midlane skal nyttast. I Stortingets vedtak om statsbudsjettet for 2016 er det bestemt at

ordninga skal avviklast etter 2018, etter å ha vart i 15 år. Vi viser elles til omtalen i Prop.

1 S (2015–2016) Kommunal og moderniseringsdepartementet og Innst. 16 S (2015–2016).

Departementet legg vekt på at fylkeskommunane, kommunane og andre regionale aktørar samarbeider aktivt for å målrette utviklingstiltak, og at desse tiltaka byggjer på kommunale og fylkeskommunale planprosessar og planar. Tilgang på arbeidskraft med relevant kompetanse i heile landet er ein nødvendig føresetnad for konkurransekraft og verdiskaping.

 

AGA-midla er meint å bidra til at nye prosjekt, grunderar, og innovative løysingar skal få moglegheit til å utviklas i Finnøy.

Kven kan søke?

Alle offentlege og private aktørar og verksemder med konkrete prosjekt/tiltak kan søke dersom dei er innafor målgruppen for tilskotsordninga. Det kan søkes om tilskot til prosjekt/tiltak som oppfyller følgjende kriteriar:

Er i samsvar med fylkeskommunen sine mål og strategiar for distrikts – og regionalpolitikk.

Kan sannsynliggjere distrikts-og regionalpolitisk virkning.

Har god kvalitet, og der det kan påreknast gjennomføringsevne.

Tilskotet har utløsande effekt, det er ikkje tilstrekkeleg at tilskotet bidreg til å oppretthalde eit tilbod.

Fylkeskommunen og kommunane er ansvarlege for at det vert fastsett ytterlegare tildelingskriteriar når det vert etablert konkrete tilskotsordningar.

Kva for kostnadar kan tilskotet dekke?

Tilskotet kan dekke dei delar av kostnadane som er direkte tilknytta realiseringa av prosjektet/tiltaket.

Tilskot til prosjekt kan berre gis i inntil 5 år, sjølv om prosjektet har lengre varigheit.

Kva for kostnader kan tilskotet ikkje dekke?

Drift av næringsverksemd eller organisasjonar.

Kausjon eller anna økonomisk garanti.

Direkte eller indirekte investeringar i verksemdenes eigenkapital.

Renter og avdrag på lån og refinansiering av gjennomførte prosjekter.

Drift av eller investeringar i statlege, fylkeskommunale og kommunale lovpålagde oppgåver utført av fylkeskommunen, kommunen eller andre.

Å avsette midlar til uspesifiserte fond. Delegerte midlar til kommunar og regionråd, eventuelt andre forvaltere reknast ikke som fond.

Politikkforberedande aktivitetar internt hos forvaltar eller i regi av forvaltar, herunder kjøp av tenester i samband med utforming av nye tiltak og lovpålagde eller eigeninitierte plan- og strategiprosessar.

Retningslinjer for handsaming og tildeling av tilskot i Finnøy kommune

AGA-midler tildeles minst to gonger pr. år med søknadsfrist 1. september og 1. mars.

Søknadar blir sendt til kommunen v/plan og forvaltning for handsaming.

Tildelingsutvalet beståande av ordførar, to representanter frå næringsforeninga, hvorav den eine er leiaren.

Kommunalsjef for plan og forvaltning er sekretær og har ansvar for å handsame søknadane, og gjere innstilling til tildelingsutvalet.

Tilskot til bransjeutvikling kan være inntil 50% av totale kostnadar, men ikkje meir enn kroner 50 000 pr. tiltak.

Restmidlar frå 2015 vert avsett til eigen post for særskilt satsning som nedfelt i den til einkvar tid gjeldande handlingsplan, det skal årleg avsettas minimum kroner 50 000 til denne posten.

Finnøy næringsforening utarbeidar forslag til handlingsplan for AGA-midler, som skal godkjennast i tildelingsutvalet.

Handlingsplanen skal vere i tråd med tiltak og satsningområde i framtidig strategisk næringsplan.

Viktige lenker:

Forskrift og retningslinjer for tilskot etter kap 551, post 60 og 61.

https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2013-12-11-1574

Veileder EØS-avtalens regler om offentleg støtte

https://www.regjeringen.no/globalassets/upload/fad/vedlegg/konkurransepolitikk/offentlig-stotte/offentlig_stotte_veildere_2011.pdf

Tildelingsbrev til Rogaland fylkeskommune – 2016

https://www.regjeringen.no/contentassets/10b41bf2aa324da0b93605ffe86456c7/tilskot_rogaland.pdf

 

 

Finnøy Næringsforening mobiliserer næringslivet i helsesatsing.

Finnøy Næringsforening har inngått et samarbeid med Frisklivssentralen i Finnøy om kjøp av en aktivitetspakke med en mengde treningsvideoer som blant annet kan brukes av næringslivet i Finnøy.

 

Næringslivspakka

 

 

"10 punkts" for samarbeid mellom næringslivet og

Finnøy kommune

Finnøy Næringsforening og Finnøy kommune har sammen laget en tipunktsliste over viktige samarbeidsrutiner mellom næringsliv og kommune.

"10 punkts"

 

 

Nyheter

Styret har no plukka ut nokre bedrifter vi ønskjer å besøke. Styret (leiar og ein styrerepresentant) har invitert med seg ordførar og varaordførar. Vi tek direkte kontakt med dei bedriftene vi i første omgang har plukka ut, og håpar det passar at vi kjem. Dette blir første runde vi tek til næringslivet, men har planar om fleire rundar utover våren.

Mandag 17.februar besøkte vi Finnøy Betong og Robot Soulution.

 

Finnøy Næringsforening